Vedtekter

Vedtekter for L/L Inntrøndelagen

Revidert 29.04.13.

§1.

Selskapets namn er L/L Inntrøndelagen. Selskapet har til føremål å gje ut avis og elles verksemd som er knytt til avisa, og kjem såleis inn under det som er fastsett i aksjelova.

 

§2.

L/L Inntrøndelagen utgjev Trønder-Avisa i samarbeid med AS Nord-Trøndelag. Ved sin valte politiske redaktør, jfr. Vedtektenes § 7a., skal L/L Inntrøndelagen gjennom avisa fremje programmet for Norges Venstrelag, for å fremje nasjonale og sosiale framgangsoppgåver, såleis og arbeide for norsk mål og edruskap i landet. Endringar i dette føremålet kan ikkje gjerast utan at alle lotteigarar er samde om det.

 

§3.

Forretningskontoret skal vera i Steinkjer.

 

§4.

Lottemedelen er på 300.000,- kr, - kronertrehundretusen - som er heilt innbetalt. Lottemedelen er delt på 1500 lottar, som lyd på namn og er på kr. 200,-, - kronertohundre - kvar.

Ein lotteigar har ikkje ansvar for meir enn det lotten lyd på.

 

§5.

Ingen kan bli lotteigar utan skriftleg godkjenning av styret. Berre dei som kan prove at dei er samde i føremålsparagrafen, kan godkjennast.

 

Røysterett på lotteigarmøtet får berre dei lotteigarane som er medlemmar i Noregs Venstrelag.

 

Det gjeld ingen forkjøpsrett til lottar, lotteigarane i mellom.

 

§6.

I april kvart ar skal det vera lotteigarmøte, og skriftleg innkalling skal vera sendt minst 14 dagar føreåt til alle kjende lotteigarar.

 

 

Lotteigarmøte skal:

 

  1. Gjere vedtak om melding og rekneskap for siste år, og vedta utdeling av gåver og utbytte.
  2. Velje medlemmar og varamedlemmar til representantskapet.
  3. Fastsetje godtgjersle til styret og representantskapet.
  4. Tilsetje revisorar og fastsetje løn for dei.

 

Ekstraordinært lotteigarmøte kan kallast saman av representantskapet, og dei skal gjera det når det blir kravd av lotteigarar som til saman eig minst 1/10 av lottmedelen. Møtet og dei saker som skal handsamast, skal kunngjerast med brev til lotteigarane minst 14 dagar føreåt.

 

Ordføraren i representantskapet skal styra møta.

 

Ein lotteigar kan ikkje ha meir enn 10 røyster, medrekna fullmaktsrøyster.

 

 

§7.

L/L Inntrøndelagen skal ha eit representantskap på 6 medlemmar, vald mellom lotteigarane for ei tid av tre år. Kvart år går ut etter tur to medlemmar, dei første 2 år etter lottdragning. For kvart år skal ein velje 6 varamedlemmar for representantskapet.

Representantskapet vel sjølv ordførar og varaordførar. Representantskapet kan ha møte når minst 4 medlemmar er til stades, men kan ikkje gjera gyldig vedtak utan at minst 3 medlemmar røystar for det.

 

Representantskapet skal:

 

  1. Tilsetje og avsetje ein av to politiske redaktørar i Trønder-Avisa underlagt sjefredaktøren. Løn og anna vilkår vert fastsett av det selskapet som gjev ut Trønder-Avisa.
  2. Gje tilråding i dei saker som lotteigarmøtet skal ha for seg.
  3. Velje seg imellom eller mellom lotteigarar elles eit styre på 3 medlemmar vald for 3 år. Kvart år går ut etter tur ein styremedlem, dei to første år, etter lottdraging.
  4. Velje kvart år styreleiar og nestleiar i styret og 3 varamedlemmar for styret.

 

Styret - eller delar av styret - er L/L Inntrøndelagen sine medlemmar i det styret som er ansvarleg for utgjeving av Trønder-

Avisa og tilknytta selskap. Varamedlemmar til styret i L/L Inntrøndelagen er samstundes varamedlemmar til styret i dei same selskapa.

 

Styreleiaren er L/L Inntrøndelagen sin kandidat til styreleiarverv og nestleiarverv i det selskap som gjev ut Trønder-Avisa og tilknytta selskap.

 

§8.

Ein styremedlem kan ikkje samstundes vera medlem av representantskapet. Styret kan halde møte og gjera gyldige vedtak når styreleiaren og ein annan medlem er til stades og er samde om det.

 

Politisk redaktør og forretningsførar skal til vanleg ha rett til å ta del i styret sine drøftingar.

 

Styreleiaren saman med ein annan av styret bind L/L Inntrøndelagen med underskrifta si.

Styret kan gje nokre av tenestemennene i L/L Inntrøndelagen prokura.

Styret tilset forretningsførar og andre tenestemenn det er trong for utanom dei som er nemnde i § 6 og 7, og fastsett løn for dei.

 

§9.

Endringar i desse vedtektene kan gjerast når to lotteigarmøte etter einannan gjer vedtak om det med 2/3 fleirtal av røystene og lottane som møter.

 

Til endring av § 2 blir det kravd samrøystes vedtak av lotteigarane.

KONTAKT OSS:

LL inntrøndelagen

c/o Steinkjer Regnskap

Hamnegata 33

7714 Steinkjer

Org. nr. 931 301 268

+47 982 50 229

 

Forretningsfører:

Jonny Melting

 

jonny@steinkjer-regnskap.no

Tlf: 982 50 229

© Copyright. All Rights Reserved.