Vedtekter

Vedtekter for L/L Inntrøndelagen

Revidert 05.05.2020

§1.

Namnet på selskapet er L/L Inntrøndelagen. Selskapet har til føremål å gje ut avis og elles drive verksemd som er knytt til avisa, og kjem såleis inn under det som er fastsett i aksjelova.


§2.

L/L Inntrøndelagen gjev ut Trønder-Avisa i samarbeid med AS Nord-Trøndelag. Ved den valde politiske redaktøren, jf.
vedtektene § 7 andre avsnitt, skal L/L Inntrøndelagen gjennom avisa ut frå programmet for Norges Venstrelag fremje nasjonale og sosiale framgangsoppgåver,
såleis òg arbeide for norsk mål og edruskap i landet.


Endringar i dette føremålet kan ikkje gjerast utan at alle lotteigarar er samde om det.


§3.

Forretningskontoret skal vera i Steinkjer.


§4.

Lottemedelen er på 300.000,- kr, - kronertrehundretusen - som er heilt innbetalt. Lottemedelen er delt på 1500 lottar, som lyd på namn og er på kr. 200,-, - kronertohundre - kvar.

Ein lotteigar har ikkje ansvar for meir enn det lotten lyd på.


§5.

Ingen kan bli lotteigar utan skriftleg godkjenning av styret.


Bortsett frå Amedia kan ingen lotteigarar vere medieselskap eller liknande typar selskap. Tilsvarande gjeld for nærståande til personar som er nemnde i førre setning, og alle som handlar etter avtale med nokon som er nemnde i første punktum, eller elles opptrer eller må reknast for å opptre i samråd med ein slik person.


Det gjeld ingen forkjøpsrett til lottar lotteigarane imellom.


§6.

Ein lotteigar kan ikkje stemme for meir enn det antal stemmer kvar av dei øvrige møtande lotteigarane samla sett representerer, slik at summen av stemmene ein lotteigar representerer aldri er større enn summen av dei øvrige stemmene som er representert til saman.


Regelen i denne § 6 første punktum gjeld ikkje dersom
lotteigarmøtet handsamar saka i samsvar med § 7 tredje ledd første punktum, og skal berre gjelde så lenge selskapet eig aksjar i Trønder- Avisa AS eller aksjane i Trønder-Avisa AS er underlagde løysingsrett.


§7.

L/L Inntrøndelagen skal ha eit styre på 3 medlemmar med personlege varamedlemmar. Lotteigarmøtet skal velje 2 av dei 3 medlemmane og varamedlemmane. Den siste medlemmen og varamedlemmen skal bli valde av Amedia.


Dei 3 medlemmane i styret er L/L Inntrøndelagen sine representantar i det styret som er ansvarleg for utgjevinga av
Trønder- Avisa og drift av tilknytte selskap. Vararepresentantar til styret i L/L Inntrøndelagen er samstundes vararepresentantar til styret i dei same selskapa.


Den siste medlemmen og varamedlemmen skal bli valde av Amedia, og er L/L Inntrøndelagen sin kandidat til leiarverv og nestleiarverv i det selskapet som gjev ut Trønder-Avisa, og i tilknytte selskap.


Ved utløysing av forkjøpsretten til aksjar i Trønder-Avisa AS for eksisterande aksjeeigarar i Trønder-Avisa AS skal lotteigarmøtet med alminneleg fleirtal avgjere om forkjøpsretten skal nyttast, og i
så fall om ervervet av aksjar i TrønderAvisa AS på grunnlag av forkjøpsretten skal finansierast med eigenkapital. Når lotteigarmøtet handsamar saka etter førre punktum, gjeld ikkje stemmetaket i § 6.


§ 8.

Utbyte og anna utdeling selskapet tek imot på aksjane i Trønder-Avisa AS eller eit anna selskap som måtte kome i staden for
Trønder- Avisa AS, skal, innanfor rammene i aksjelova, delast ut til
lotteigarane i selskapet.



KONTAKT OSS:

LL inntrøndelagen

c/o Steinkjer Regnskap

Bomvegen 3

7725 Steinkjer

Org. nr. 931 301 268

hulda.tronstad@gmail.com

                   99 26 18 16


© Copyright. All Rights Reserved.